Då får du kombinere vidaregåande utdanning med ekstra trening eller satsing på eigen idrett. Toppidrett på vg1 er eit 5-timars programfag med eigen standpunktkarakter.
For elevar på studiespesialiserande kjem desse timane på toppen av dei ordinære timane (30 timar i veka) slik at dei har 35 timar i veka. Ordinært timetal for bygg- og anleggsteknikk er 35 timar i veka så her er det ingen forskjell for elevar som vel toppidrett.
Studiespesialiserandre med toppidrett eller bygg- og anleggsteknikk med toppidrett er ikkje søknadsalternativ i VIGO. Det er først når du kjem inn på eit av desse utdanningsprogramma ved skulen og har takka ja til skuleplassen at du kan velge toppidrett. Det er fint om du tek kontakt med elevansvarleg avdelingsleiar for å melde interesse for tilbodet så raskt som råd. Viss du skal gå studieførebuande, kontaktar du Randi Hadland, viss du skal gå bygg- og anleggsteknikk, kontaktar du Sigbjørn Lande (sjå kontaktinformasjon under).
Dersom du har spørsmål om kriterium for toppidrett, organisering eller kva tilbod som kan vere aktuelle, er det berre å ta kontakt med avdeldingsleiar for idrettsfag Klaus Beschel.
Toppidrett - fotball