Referat frå foreldremøte for vg2

Måndag 17. mars var det foreldremøte for føresette til alle vg2-elevar. 

Avdelingsleiarane Klaus Beschel og Katrin Kine Frostadottir leia møte på vegne av alle med elevansvar på vg2. 

Møtet handla i stor grad om russetida. Grunnen til kort tid mellom innkalling og møte var at mange av elevane på vg2 blir 18 år i løpet av våren. Det betyr at skulen ikkje lenger kan ta kontakt med foreldre, men foreldre kan ta kontakt med skulen.  Det er viktig for skulen å ha ein god dialog med foreldre og føresette.

Skulen og russetid

•      Sosialrådgiver June Iren Roed arbeidet med russen året rundt https://www.bryne.vgs.no/hovedmeny/for-elevar/hjelp-og-radgiving/sosialpedagogisk-radgjevar/

•      Dialog med russestyret, sikre demokratisk presidentvalg

•      Årshjul på VG3 med faste møter mellom oss og russestyret

•      Eksterne samarbeidspartnere: Politi, helsesjukepleiar, Ungdomsteam, samarbeid mellom nabokommunene

•      Fylke: overordna tiltaksgruppe som følger opp VGS

Foreldre og russetida

•      Dei beste tiltaka er forebygging og opplyse om feller og farar som ungdommane dykkar kan møte. 

•      Viktig at foreldre har ein jamnleg dialog med eigen ungdom. Vis interesse, de ser kven dei er saman med og kven dei plutselig ikkje heng med på fritida.

•      Økonomi - elevar tar på seg for mykje jobb. Nokre elevar melder om både tre og fire jobbar, dette går kraftig utover skulearbeid og søvn.

•      Kor mykje det kostar å finansiere ein buss, reglar om kven som får vera med å rulle; kor mykje jenter veg, at dei må betale eller gjera ulike tenester

•      Negative haldninger til «snitching» : kan også medføre at elevane må betale bot til russegruppa.

•      Utfordringar med russebussar som kjem neste år – veit om elevar som søker seg spesifikt til Bryne vgs. for å vera med på buss

Internkontraktar for russebussar

•      Eigenandel: Frå 10 000 kroner og oppover

•      Dugnadsjobbing

•      Bot for brudd på tausheitsplikt – 15.000 kr i bot for snitching/leaking av til dømes artistar, budsjett, namn og logo

•      Utkasting: Dei som blir ekskludert av ¾-fleritall frå bussen får ikkje noko att av det dei har betalt i eigenandel

Kva ser me skjer etter russetida?

  • Kredittkortgjeld
  • Psykisk uhelse
  • Utfordringar etter mykje alkohol og anna rusbruk
  • Fagleg IV – elevar er førebudde på å gå ned ein og to karakterar i fag for å prioritere russetida
  • Fleire som kjem tilbake dei neste åra for å «ta opp fag» som privatist.

 

Hovudpunkt

Opplever auka press på pengebruk, rusmisbruk og ekskludering.

•         Vis interesse for russetiden – dere ser hva som skjer utenfor skolen

•         Snakk om haldningar til rus 

•         Sett grenser for din eigen ungdom

•         Foreldre kan ta kontakt med hjelpeapparatet 

 

Ønsker at foreldre tar kontakt med oss viss dei er bekymra.

Følg med på endringar i søvnmønster, vener som plutselig ikkje er der, større fråvær og svakare karakterar.

Elevar melder om at det sosiale presset frå medelever har ein negativ påverknad på dei, men dei veit ikkje korleis dei skal kome seg vekk.

 

Avdelingsleiarar med elevansvar finn de her: https://www.bryne.vgs.no/hovedmeny/skulen-var/om-skulen/leiargruppa/