Målet er å skape eit godt klassemiljø kor kjennskap til kvarandre og det å bli trygg i gruppa står sentralt.
Alle elevar som skal gå på vg1 dette skuleåret skal vere med på eit opplegg me har kalla for klassemiljøtur. Målet med ekskursjonen og aktivitetane her er å skapa eit godt klassemiljø der kjennskap til kvarandre og tryggleik i gruppa står sentralt. Elevane startar på ein ny skule, kjem frå ulike plassar og det er nok ein del som ikkje kjenner dei som dei kjem i klasse med. Somme er nok ganske nervøse for heile skulestarten.
Skulen erfarer at det er mykje å tene på å trygge elevane i starten – dette legg grunnlaget for betre kommunikasjon og samhandling med gruppa og høgare trivsel. Dersom miljøet er positivt og inkluderande vil dette og vere eit godt utgangspunkt for læring og aktive klasserom. Viktige verdiar for skulen er likeverd, lærelyst og samhold og me meiner klassemiljøturen støttar desse.
Før turen vert det informasjonsmøte for alle klassane og kontaktlærarane. Der får ein og treffa koordinatorane Hans Utistog og Tone Gjøse som har ansvar for gruppene under turen. Me samlar inn informasjon om elevgruppene via kontaktlærarane for å få oversikt over eventuelle sjukdommar, allergiar og andre relevante opplysningar koordinatorane treng å kjenne til.
Opplegget og overnattinga er lagt til Holmavatn. Elevane får busstransport frå skulen og blir møtt av koordinatorane når dei kjem. I løpet av dagen vert det lagt opp til ei rekkje aktivitetar utandørs med vekt på samarbeid, kommunikasjon, leik og meistring. Overnattinga vert innandørs på fleirmannsrom.
Dag to startar med felles frukost inne, før me avsluttar opplegget med fleire aktivitetar og oppsummering av turen. Elevane vert henta med buss og køyrde tilbake til Bryne der dei skal gjennomføra eit læringsoppdrag.
Kontaktlærarane for vg1 informerer elevane første skuledag om at dei skal delta på klassemiljøtur, og minner dei om dei oppsette informasjonsmøta.
Her er ein video om klassemiljøturane frå 2022: https://www.bryne.vgs.no/aktuelt/klassemiljoturar-for-alle-klassane-pa-vg1.127399.aspx
Dato for tur
|
Informasjonsmøte
|
21. - 22. Aug: 1STA
|
Torsdag 17. August klokka 09:00 A1040
|
22. - 23. Aug: 1STB
|
23. - 24. Aug: 1BAA OG B
|
24. - 25. Aug: 1BAC OG D
|
Torsdag 17. August klokka 10:00 A1040
|
28. - 29. Aug: 1STE
|
29. - 30. Aug: 1STC
|
30. - 31. Aug: 1STD
|
Torsdag 17. August klokka 12:00 A1040
|
04. - 05. Sep: 1BAE OG 1SRA
|
05. - 06. Sep: 1SRB OG C
|
Torsdag 17. August klokka 13:00 A1040
|
06. - 07. Sep: 1RMA OG B
|
25. - 26. Sep: 1TIFA OG B
|
Fredag 18. August klokka 09:00 A1040
|
26. - 27. Sep: 1TIFC OG D
|
27. - 28. Sep: 1TIFE OG F
|
28. - 29. Sep: 1TIFG OG H
|
Fredag 18. August klokka 10:00 A1040
|
02. - 03. Okt: 1HOA OG B
|
03. - 04. Okt: 1HOC OG D
|
Fredag 18. August klokka 12:00 A1040
|
04. - 05. Okt: 1HOE OG F
|
05. - 06. Okt: 1HOG
|