God nok kvelds

Elevane på vg2 studiespesialiserande, idrett og medium og kommunikasjon får i løpet av året fire føredrag om psykisk helse i lunsjpausen. Tittelen på denne "førelesingsrekka" er God nok lunsj.

God nok lunsj-prosjektet er eit samarbeid mellom PPT, Time Kommune, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), Jæren DPS og Bryne vidaregåande skule.
 

No kan foreldra til vg2- elevane, i tillegg til alle andre interesserte, få med seg essensen frå desse føredraga i God nok kvelds, som skal vere på Bryne vgs. torsdag 19. mars klokka 19-20.30.