Me vil på det sterkaste oppfordre russen, og alle andre elevar på skulen, om å respektere og vere lojale mot den pågåande nasjonale dugnaden for å stoppe eller avgrense spreiinga av koronaviruset.
Dette handler om «å ta ein for laget». Me har alle nokon rundt oss som er meir sårbare for koronaviruset, og som difor er utsette for å bli alvorleg sjuke. Det er også viktig å avgrense smitte av helsepersonell og andre som har viktige funksjonar i samfunnet i denne spesielle situasjonen.Vi ber dykk om å holde dykk oppdaterte på råd og pålegg frå Folkehelseinstituttet og andre helsemyndigheter om karantene, isolasjon, hygiene og sosial kontakt.
Folkehelseinstituttet
Nokre råd til slutt...
- Hald deg mest mogleg heime for å avgrense spreiing av smitte.
- Viss du må møte venner, så avgrens dette til ein eller to personar, og hald deg til desse i heile perioden. Å møtast utandørs minkar risikoen for å spreie smitte.
- Hald avstand, unngå å ta på kvarandre eller klemme #koronameteren.
- Ver sosial med venene dine på digitale plattformar.
- Ring ein ven som sit i karantene eller isolasjon, det er alltid godt å høyre ein annan sin stemme.
- Ha faste rutinar på søvn, måltid og skulearbeid. Då blir det mykje lettare å kome tilbake til skulen om nokre veker
... og hugs at situasjonen vil normalisere seg igjen!
Helsing
Elin Remme og Ingeborg S. Stangeland, Helsesjukepleiarar ved Bryne vidaregåande skule.