Elevar med lese- og skrivevanskar som treng tilgang til Lingdys

Elevar med lese- og skrivevanskar må no sjølv søke om Lingdys-lisens. Det er viktig at du søker om lisens så tidleg som mogleg for å få ein god start på skulekvardagen.  

Dersom du ønsker å søke om lisens for Lingdys+ (med godkjent bekreftelse/dokumentasjon på lese- og skrivevansker og/eller dysleksi) finn du meir informasjon om korleis du søker her: https://lingit.no/nav/

Har du mista lisenskoden og treng å få tilsendt ny,  ta kontakt med NAV hjelpemiddelsentral Rogaland.

Dersom du trenger hjelp for å aktivere eksisterande lisens for Lingdys+,  til dømes bytte frå e-postadressen du har hatt på skulen til privat e-postadresse må du ta kontakt med Lingit Brukestøtte

Dersom du treng opplæring i bruk av Lingdys, kan du gi beskjed til kontaktlæraren din.