Målsetting
Opplæringstilbodet tar sikte på å gje auka livskvalitet, med fokus på eleven si deltaking saman med andre, i aktiviteter og i samfunnet.
Eit av hovedmåla er at eleven i størst mulig grad skal kunne påverke kvardagen sin og ta eigne val. Å kartlegge moglegheiter for alternativ kommunikasjon for dei som har behov for det, vil difor ha høg prioritet. I tillegg til opplæringa er det eit mål at eleven får dekka dei grunnleggjande behova sine, noko som fremjer eleven si psykiske og fysiske helse. Det vert lagt tilrette for utvikling, læring, trivsel og meistring hos eleven.
Undervisninga
Det vil vere eleven sine føresetnader og individuelle behov, slik dei er skildra i sakkyndig vurdering frå PPT, som er avgjerande for kva mål som blir sett opp i eleven sin individuelle opplæringsplan (IOP).
I opplæringa legger vi mellom anna vekt på kommunikasjon, sosial kompetanse, psykisk og fysisk helse, kvardagslivsaktivitetar og praktiske arbeidsoppgåver.
I miljøarbeidet bruker vi PAS – positiv atferdsstøtte, som er eit verdi- og metodemessig rammeverk for å forstå, førebyggje og redusere utfordrande atferd hos elevar. Målet er at dei skal få meiningsfulle liv og sikrast aktiv deltaking i relasjonar, aktivitetar og i samfunnet. Fokuset på livskvalitet, deltaking og førebygging gjer at prinsippa i PAS kan brukast til alle elevane våre.
Organisering
Elevane er organisert i grupper som kvar har tre til fem elevar. Undervisninga blir gitt som einetimar eller i gruppe, etter behov. Elevane deltek i andre elevgrupper på skulen i samsvar med eleven sin IOP. Personalet består av miljøarbeidarar, miljøterapeutar og pedagogar.
Elevar fra grunnskulen som skal søke dette tilbodet, må søke fire prioriterte utdanningsval til VG1. På Kvardagslivstrening kan du velge mellom Restaurant og matfag (RM), Design og håndverk (DH), Service og samferdsel (SS) og Studiespesialisering (STUSP). Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har ein årsramme på 981, medan studiesepesialiserande har 842 årstimar. Veketimetalet til eleven vil stå på eleven sin timeplan.
Rom
Lokala er store og lyse. Vi disponerer fire store basar med kjøkkenavdeling, tilrettelagde bad med takheis, fleire grupperom, verkstad, sanserom, treningsrom og musikkrom. Elles bruker vi skulen si kantine, bibliotek og kroppsøvingshall
Samarbeidsrutinar
Skulen utarbeider IOP for den einskilde eleven. Eleven sin IOP frå grunnskulen vil vere utgangspunkt for ny IOP. Denne blir utarbeidd i samarbeid med føresette og avgjevarskule etter at skuleplass er tildelt.
Vi har IOP-møte med føresette, deltek på ansvarsgruppemøte, og har jamnleg møte og telefonkontakt med heim. bolig og avlastingstilbod.
Samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, PPT, habiliteringstenesta og kompetansesenter skjer etter behov.
Komande elevar er velkomne til å delta på utdanningsval i løpet av hausten. I tillegg har skulen Open dag i januar, og då det er mulig å komme på besøk. Sjå Bryne vidaregåande sine nettsider for informasjon om Open dag.