Toppidrett som programfag for elevar på studiespesialiserande

Elevar som skal gå på studiespesialiserande utdanningsprogram kan velge toppidrett som programfag i vg1. 

Ungdommer som spiller fotball i en innendørshall - Klikk for stort bileteToppidrett - fotball

Då får du kombinere vidaregåande utdanning med ekstra trening eller satsing på eigen idrett. Toppidrett på vg1 er eit 5-timars programfag med eigen standpunktkarakter.

For elevar på studiespesialiserande kjem desse timane på toppen av dei ordinære timane (30 timar i veka) slik at dei har 35 timar i veka. Timeplanen er tilrettelagt for dette i toppidrettsklassen. 

Studiespesialiserande med toppidrett  er ikkje eit søknadsalternativ i VIGO. Det er først når du kjem inn på utdanningsprogrammet ved skulen og har takka ja til skuleplassen at du kan velge toppidrett. Dette gjer du ved å kontakte avdelingsleiar for vg1 studiespesialiserande Randi Hadland på: randi.hadland@skole.rogfk.no 

Dersom du har spørsmål om toppidrettsfaget på studiespesialiserande, kan du ta kontakt med avdelingsleiar for idrett Klaus Beschel på: klaus.beschel@skole.rogfk.no