Sosialkunnskap

Du kan velje Sosialkunnskap som programfag på Bryne.

Kvifor velje sosialkunnskap?

Sosialkunnskap handlar om å styrke forståinga di av og din kritiske bevissthet om velferdssamfunnet. Faget skal gi deg verktøy til å forstå deg sjølv som ein del av samfunnet og reflektere over utfordringar og moglegheiter knytt til identitet og livsmestring.

Sosialkunnskap skal danne grunnlag for at du skal kunne drøfte korleis individ, grupper, organisasjoner og institusjoner fungerer saman, og gi innsikt i årsaker til sosiale problem, marginalisering og utanforskap. Saman med kunnskap om inkludering i arbeidslivet, skal dette førebu deg til vidare studie og arbeidsliv.

Lurer du på kvifor foreldrene dine blei oppdratt på ein annan måte enn deg selv? Eller på kvifor vi har ein velferdsstat? Interesserer du deg for årsakene til innvandring, mobbing eller kriminalitet? Viss du er opptatt av samfunnet rundt deg bør du velge sosialkunnskap. Faget bygger på sosiologi og sosialantropologi i VG2, og faget vil gi full samfunnsfagsfordjuping saman med sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar eller samfunnsgeografi.

Kva lærer du?

  • Faget forklarer samfunnet ved hjelp av ulike samfunnsvitskaplege teoriar henta frå fag som psykologi, sosiologi, statsvitskap og økonomi.
  • Faget har fem hovudemne: livsfasene, menneskerettar og velferdsstat, velferdsforskjellar, sosiale problem og samfunnsvitskaplege arbeidsmetodar

Standpunktvurdering

Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elever

Eleven kan trekkas ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.