Samfunnsøkonomi 1 og 2

Du kan velje Samfunnsøkonomi 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velje samfunnsøkonomi 1 og 2?

Samfunnsøkonomi handlar om å forstå det økonomiske samspelet mellom ulike aktørar i privat og offentleg sektor i Noreg, og mellom Noreg og andre land. Økonomisk teori og tenkemåte gir grunnlag for å forstå sammenhengar i økonomien og økonomisk politikk.

Samfunnsøkonomi skal bidra til ei forståing av korleis politiske beslutningar påverker økonomi, miljø og velferd. Faget handlar også om korleis verdiar blir skapte og fordelte i offentleg og privat sektor. Faget førebur deg til vidare studie og gir eit grunnlag for å delta i samfunnsdebatt og arbeidsliv.

Kva lærer du?
Læreplanen i Samfunnsøkonomi tar opp mange tema som er interessante for elevar i vidaregåande skule, som til dømes arbeidsløyse, lønsforskjeller, finansmarknad (børsar) og miljøproblemer.

Eit viktig føremål med faget er å bruke kunnskapen på aktuelle problemstillingar, som til dømes:

  • Kva har børs og finansmarknad å seie for økonomien?
  • Kva forhold bestemmet etterspurnad etter varer og tenester?
  • Kva forhold bestemmer tilbodet av varer og tenester?
  • Kva økonomiske system er effektive?
  • Kvifor varierer arbeidsløysa mykje over tid?
  • Kor stor del av norsk økonomi utgjer olje – og gassverksemd?
  • Kva er pengar og kva funksjonar har dei?
  • Korleis kan Norges Bank påverke prisauken?
  • Kvifor er det vanskeleg å spå om aksjekursar i framtida?
  • Kven betaler for offentleg verksemd, staten eller du?
  • Korleis blir løna bestemt og kvifor oppstår den lønsskilnader?
  • Kor mykje tener dei rikaste i samfunnet?
  • Kva tiltak kan myndigheitene sette inn mot miljøproblema?
  • Kva er årsakene til økonomisk vekst?

Nokre tema er aktuelle både for Samfunnsøkonomi 1 og 2, faget blir difor meir krevjande andre året. Eit viktig mål er å førebu elevane til alle typar økonomiutdanningar; bedriftsøkonomi, siviløkonomutdanning og samfunnsøkonomi.

Standpunktvurdering

Samfunnsøkonomi 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Samfunnsøkonomi 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elever

Samfunnsøkonomi 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeida og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Samfunnsøkonomi 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.