Kvifor velje marknadsføring og leiing 1 og 2?
Marknadsføring og leiing handlar om å tilpasse produkt og tenester til marknader og målgrupper, og innsikt i korleis marknadsføring og leiing heng sammen. Faget skal bidra til at du forstår kva som påverkar marknader og korleis marknadsføring påverkar verdiskaping i samfunnet. Faget skal førebu deg på vidare studiar og dannar eit godt grunnlag for å studere til dømes økonomi og marknadsføring. Dette er utdanningar som mellom anna kvalifiserer til arbeid som marknadskonsulent, innan reklamebransjen og seinare bedriftsleiar.
Kva lærer du i Marknadsføring og leiing?
- Psykologi og kjøpsatferd på forbrukermarknaden og inndeling i målgrupper.
- Situasjonsanalyse og marknadsinformasjon.
- Korleis få målgruppa til å velge ditt produkt?
- Bruk av konkurransemiddela produkt, pris, plass, påverknad og personale.
- Organisasjonar sitt samfunnsansvar og kva eit godt omdømme betyr.
- Korleis bygge opp ein organisasjon og korleis utviklar ein bedriftskultur.
Standpunktvurdering
Marknadsføring og leiing 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Marknadsføring og leiing 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elever
Marknadsføring og leiing 1: Eleven kan trekkast ut til munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Marknadsføring og leiing 2: Eleven kan trekkast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.