Programfag matematikk R og S

Du kan velje matematikk R og S som programfag på Bryne.

Kvifor velje programfag matematikk R og S?

Matematikk R1 og R2

Matematikk R handlar om å forstå moderne bruk av matematikk i realfaglege og samfunnsfaglege samanhengar. Faget gir deg sjansen til å utvikle eit presist språk for kritisk tenking, evne til problemløysing og matematisk forståing. Matematikk R handlar om å tileigne seg og forstå matematiske verktøy og om å anvende verktøya i utforsking og analyse av problemstillingar knytt til realfag og samfunn. Kompetanse om teoretisk og praktisk bruk av matematikk førebur deg til vidare arbeid og utdanning som stiller krav om matematisk forståing.

R1 og R2 er realfagsmatematikk-faga på Vg2 og Vg3. Begge faga har 5 timar pr veke (140 klokketimar over eit skuleår, og du kan ta faget som fordjupingsfag på både realfag og SSØ. R1 bygger på 1T frå Vg1, medan R2 bygger på R1. Sentrale tema i begge faga er vektorrekning, algebra og funksjonsdrøfting. I tillegg kjem geometri, kombinatorikk og sannsynsrekning i R1, og integrering og differensiallikningar i R2.

Arbeid med programfaget skal gi ei innføring i logisk og analytisk tankegang med vekt på matematisk argumentasjon og framstillingsform, samtidig som elevane får trening i sentrale metodar. Faga danner grunnlaget for ingeniørstudiar og realfagsstudiar på universitetsnivå.

Realfagspoeng

Matematikk R1: gjev 0,5 realfagspoeng.
Matematikk R2: gjev 1 realfagspoeng.

Standpunktvurdering

Matematikk R1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Matematikk R2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen

Matematikk R1: Eleven kan trekkast ut til skriftleg eksamen eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.

Matematikk R2: Eleven kan trekkast ut til skriftleg eksamen eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.

Matematikk S1 og S2

Matematikk S handlar om å forstå moderne bruk av matematikk i samfunnsfaglege og økonomiske samanhengar. Faget gir deg sjansen til å utvikle matematisk forståing og evne til å løyse matematiske problemstillingar. Matematikk S handlar om å tileigne seg og forstå matematiske verktøy og om å anvende verktøya i utforsking og analyse av forhold og problemstillingar knytt til samfunn og økonomi. Kompetanse om teoretisk og praktisk bruk av matematikk førebur deg til vidare arbeid og utdanning som stiller krav om matematisk forståing. Du kan velge matematikk for samfunnsfag som programfag over eit eller to år innanfor programområde for realfag og SSØ. Du kan ta faget som fordjupingsfag både på realfag og SSØ. Matematikk S1 har 5 veketimer (140 klokketimar over eit skuleår), og fagstoffet bygger på ein god kompetanse i 1P. Dei fleste som vel S1 har 1T fra før og får difor ein god del repetisjon i S1. S2 har også 5 uketimer og bygger på S1.

Sentrale tema i begge faga er algebra, funksjonar og sannsyn. I tillegg kjem lineær optimering (S1) og sannsyn og statistikk (S2). Arbeid med programfaget gir øving i modellering. Det skal gi elevane anledning til å uttrykke praktiske problem og fenomen fråden verkeleg verda i eit matematisk formelspråk og deretter behandle dei ved hjelp av matematiske metodar. Programfaget Matematikk S1 og S2 gir fordjuping i matematikk for vidare studiar og arbeid innan ei rekke sentrale samfunnsområde. Ferdigheitene som eleven utviklar vil gi eleven ein nøkkel til å forstå og analysere viktige samfunnsproblem.

For elever som vel økonomiske fag frå programområdet for SSØ, vil matematikk for samfunnsfag kunne vera eit naturleg og supplerende fag å velje i tillegg. For vidare studiar innan mellom anna medisin, realfag og ingeniørutdanning må du har minst eit programfag i matematikk (R eller S).

Realfagspoeng

Matematikk S1: gjev 0,5 realfagspoeng.

Matematikk S2: gjev 0,5 realfagspoeng.

Standpunktvurdering

Matematikk S1: Eleven skal ha ein standpunktkarakter.
Matematikk S2: Eleven skal ha ein standpunktkarakter.

Eksamen

Matematikk S1: Eleven kan trekkast ut til skriftleg eksamen eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.

Matematikk S2: Eleven kan trekkast ut til skriftleg eksamen eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.