Studiespesialisering

Ønskjer du å studere på høgskule eller universitet? Då er studiespesialisering for deg. Du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. 

Kvifor velje studiespesialisering? 

Du lærer meir om 

Avhengig av fagvalga dine:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Du bør vere

  • motivert til å arbeide vidare med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • glad i å analysere, resonnere, drøfte og vurdere
  • førebudd på å skrive og rekne
  • interessert i kultur- og samfunnsforhold

Les meir om studiespesialisering på vilbli.no

Kvifor velje Bryne vidaregåande skule?

Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet. Me har eit dynamisk kollegium og er ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring. 

Me held til i nye bygg med vindturbinar, solfangarar og solceller på taket. Dette blir nytta i undervisninga, og elevane får difor sjå korleis slike anlegg fungerer i praksis. Skulen har store, fine laboratorium og andre undervisningslokale.

Me har ekskursjonar i lokalmiljøet, og kvart år prøver vi å legge inn ulike studieturar i faga.

Me har interessante gjesteforelesingar i fleire fag. Elevar på Vg1 får sjansen til å delta på Abelkonkurransen, Mini-FN,  International Language Competition og andre fagretta tevlingar. 

Skulen er til ei kvar tid involvert i fleire internasjonaliseringsprosjekt som elevane kan vera med på. 

Me har fem til seks parallelle klassar innan studiespesialiserande programområde på kvart trinn. Med så mange elevplassar, har me eit svært breitt fagtilbod.

Programfag du kan velje på vg2 og vg3:

Realfag

Språk, samfunnsfag og økonomiske fag

Elevar på studiespesialiserande kan velge toppidrett som programfag alt frå vg1:

Toppidrett

 

Søkje skuleplass

Første året - Vg1  

Du går på skulen i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 er alle faga fellesfag, men du vel kva for eit framandspråk og kva for ein type matematikk du vil ha. Det er 30 timar undervisning i veka i ulike fag.

 

Andre året - Vg2

På Vg2 har du færre fellesfag. I tillegg til fellesfaga, velg du tre ulike programfag kor minst to må vere innafor ditt programfagsområde. Du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi.

Du har 15 timar fellesfag og 15 timar programfag frå programområdet du har valt per veke. På Vg2 må du ha minimum 30 timar for å få godkjend vitnemål.

Tredje året - Vg3

På Vg3 fortsett du med to av programfaga du valde som fordjupning på Vg2. I tillegg står du fritt til å velje eit tredje programfag. 
Du har totalt 30 timar undervisning per veke, 15 timar fellesfag og 15 timar programfag.

Vegen vidare

Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søkje dei fleste studier ved høgskular og universitet. 

Husk at nokre studier kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.  

Du finn søknadsfristar og - krav på samordnaopptak.no