Restaurant- og matfag

Er du interessert i mat og matproduksjon? Ønskjer du å bli kokk, bakar, konditor, pølsemakar eller servitør? Restaurant- og matfag er utdanningsprogrammet for deg som ønskjer ei fagutdanning innan matindustrien.

Kvifor velje restaurant- og matfag?

Du lærer

  • om kosthald, næringsmiddel og ernæring
  • tillaging og servering av mat
  • behandling av råvarer, mat og drikke
  • om mattradisjonar
  • om helsefremjande livsstil og hygiene

Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt ha handlag
  • vere kreativ og nøyaktig
  • vere serviceinnstilt

Les meir om restaurant- og matfag på vilbli.no

Kvifor velje Bryne vidaregåande skule?

Vi har engasjerte og dyktige lærarar, som legg på vekt på å gi elevane ein naturlig overgang til vidare læreløp.

Vi har eit godt fagtilbud.

Vi samarbeider godt med mellom anna Lærlingekompaniet, lokale matprodusentar og hotell- og restaurantbransjen.

Vi deltek på arrangement og konkurransar, td. Skole-NM for vg2-elever innan kokk- og servitørfag og matfaga.

Vi har mange interessante bedriftsbesøk i faga.

Søkje skule- og læreplass

Første året - Vg1

Vg1 rekrutterer til 12 forskjellige yrkeskompetansar. Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.

Andre året - Vg2

Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finnst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.

Tredje året - Vg3

Du blir normalt lærling og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan du ta fag- og svennebrev.

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygging for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.