Helse- og oppvekstfag

Kan du tenkje deg å jobbe som helsefagarbeidar, aktivitør, portør eller barne- og ungdomsarbeidar? Eller er det meir aktuelt for deg å jobbe som apotekteknikar, tannhelsesekretær eller hudpleiar? Då kan helse- og oppvekstfag gje deg mange moglegheiter.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Du lærer

  • om helsefremjande arbeid
  • om fysisk og psykisk helse
  • om korleis kroppen er bygd opp
  • om kommunikasjon og samhandling
  • om utviklinga til barn og unge
  • om kost, ernæring og hygiene

Du bør vere

  • omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
  • flink til å kommunisere
  • god til å samhandle med andre

Les meir om helse- og oppvekstfag på vilbli.no 

Kvifor velje Bryne vidaregåande skule?

Vi har engasjerte og dyktige lærarar, som legg vekt på å gi elevane gode kunnskapar, haldningar og ferdigheiter

Vi har flotte praksisrom og gode fasilitetar.

Vi har interessante ekskursjonar og spanande samarbeid med kommunane rundt oss. Dette gjer at vi av og til flyttar undervisninga ut av klasserommet og inn på ein praksisplass.

Vi samarbeider med kommunane og sjukehuset for å tilby dei beste praksisplassane i dei ulike yrkesretningane.

Vi tilbyr yrkesretningar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget.

Vi deltek i konkurransar, som kretsmeisterskapet og norgesmeisterskapet i yrkesfag.

Søkje skule- og læreplass

Første året - Vg1

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Dei to første åra går du på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.


Andre året - Vg2

Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finnst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.


Tredje året - Vg3

Du blir normalt lærling og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan du ta fag- og svennebrev.

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.