Kvar dag vert det servert gratis havregraut i kantina i A-bygget.
I utsalet i A-bygget har vi salatbar, påsmurde brødvarer, meieriprodukt og brus og anna drikke.
I tillegg kan du kjøpe ein varmrett kvar dag. Meny for kvar veke finn du på Facebook og på skjermane på skulen.
Det er eigne utsal i B- og C-bygga, som har eit noko enklare utval.
I kantina møter du hyggeleg betjening, og du kan sitje og slappe av ilag med venner.