TONE kan vere ein grei huskeregel:
Truverdig
Kva veit du om forfattaren? Utdanning og stilling?
Finn du kontaktinformasjon?
Objektiv
Er meininga med informasjonen å informere?
Vil forfattaren overbevise, selje noko eller overtale?
Nøyaktig
Kor tid blei kjelda oppdatert?
Viser forfattaren til kjelder?
Finn du same opplysningar i andre kjelder?
Eigna
Er informasjonen relevant for oppgåva di?
Forstår du informasjonen du vil bruke?
Bibliotekarane held kurs i kjeldekritikk for klassar, og kan hjelpe deg med å vere kjeldekritisk viss du lurer på om du kan stole på ei kjelde.