Kjeldebruk

Når du har funne informasjon som du kan bruke i arbeidet ditt, er neste steg å bruke informasjonen eller kjeldene på rett måte.

Kvifor?

Det er viktig at du bruker kjeldene dine rett når du jobber med skulearbeid. Dersom du bruker andre sitt arbeid, må du alltid oppgi kor du har henta informasjonen frå. Viss du ikkje gjer dette, er det plagiat.

Du treng ikkje oppgje kjelder viss du skriv noko som blir rekna som allmennkunnskap.

Korleis?

Kjeldeverktøyet i Word er eit godt verktøy å bruke når du skal føre kjelder. Her finn du ein instruksjonsvideo som viser deg korleis du kan gjera dette.

Her finn du framgangsmåten til korleis du oppdaterer kjeldeverktøyet til APA 7: Brukerveiledning APA 7th generation.docx (DOCX, 300 kB)

 

Ta gjerne kontakt med oss på biblioteket dersom du lurer på noko i samband med kjeldebruk.