Miljøteam

Bryne vidaregåande skule har eit miljøteam som består av miljøterapeutar og fagarbeidarar.

Du vil møte dei i einskilde klassar, i fellesområda på skulen, og ikkje minst på miljøromma i B-bygget (B1009) og C-bygget (C2005). Hit kan du kome i pausane, for ein prat eller kanskje for å vere med på ein aktivitet saman med andre.

Makerspace i bygg A (A3018) vert også låst opp i pausar og holtimar, og kan brukast av elevar. 

 

Kva gjer miljøteamet?

Miljøteamet arbeider for eit godt psykososialt skulemiljø, og samarbeider med lærarar og elevar om eit godt læringsmiljø. Me er synlege i skulemiljøet og ønskjer å vere lett tilgjengelege for alle på skulen. Me samarbeider også med andre ressurspersonar,  som rådgjevarar, helsesjukepleiarar og PP-tenesta. Teamet arbeider førebyggjande mot mobbing, utfordringar knytte til rus og annan uønska åtferd. I kvardagen vil du kunne ta del i sosiale aktivitetar som miljøteamet organiserer.

Kva kan miljøteamet hjelpe deg med – eller kva kan du snakke med oss om?

Av og til kan det vere godt å snakke med nokon om det som kan påverke kvardagen og opplæringa di. Vi er opptatt av å vere trygge vaksne som du enkelt kan nå og gjere avtale med, uansett kva du treng hjelp til. Eksempel på dette kan vere:

  • Generelle samtalar
  • Støtte og rettleiing i mobbesaker
  • Sosiale aktivitetar i pausar
  • Førebyggande arbeid knytta til bruk av rusmiddel og kriminalitet
  • Legge til rette for eit godt skolemiljø
  • Rettleiing individuelt og i grupper
  • Ved behov for hjelp utover det me kan gje på skulen, gir me råd om kven du kan oppsøke eller bli vist til.
  • Andre område

 

Korleis kan du nå miljøteamet?

Miljøteamet er tilgjengeleg måndag – fredag i tida 07.45 – 15.15, gjennom hele skoleåret. 

For å kontakte oss kan du kome innom miljørommet, ta kontakt når du ser oss i fellesområda, sende ein SMS, melding i teams, e-post eller be lærar om å ta kontakt.

NB! Ikkje send sensitive personopplysingar på SMS eller e-post.

Kven er me?

Åse Moi

 

Åse Moi er miljørettleiar på SSR

Miljøbase B-bygg

Tlf: 92238964

E-post: aase.moi@skole.rogfk.no

 

Maiken Grannes

 

Maiken Grannes er miljørettleiar på SSR

Miljøbase C-bygg

E-post: maiken.grannes@skole.rogfk.no

 

Sisilie Solbakken

 

Sisilie Solbakken er miljørettleiar på RM

Miljøbase B-bygg

Tlf: 92815214

Epost: sisilie.solbakken@skole.rogfk.no

 

Kirsten Pollestad Heskje

 

Kirsten Pollestad Heskje er miljørettleiar på RM

E-post: kirsten.pollestad.heskje@skole.rogfk.no

 

Heidi Stornes

 

Heidi Solveig Stornes er miljørettleiar på RM

E-post: heidi.stornes@skole.rogfk.no

 

Christoffer Berg

 

Christoffer Berg er lærar og miljørettleiar på AT og RM

E-post: christoffer.berg@skole.rogfk.no

 

Hilde Høyland Moen

 

Hilde Høyland Moen er miljørettleiar på innføring 

 

E-post: hilde.hoyland.moen@skole.rogfk.no

 

 

Anne Jorunn Olsen

 

Anne Jorunn Olsen er miljørettleiar i C-bygget

Miljøbase C-bygg

Tlf: 47511371

E-post: anne.jorunn.olsen@skole.rogfk.no

Mariann Aga

 

Mariann Aga er miljørettleiar i C-bygget

Miljøbase C-bygg

E-post: mariann.aga@skole.rogfk.no

 

 

Camilla Sandven

 

Camilla Sandven er miljørettleiar HO

Miljøbase B-bygg

Tlf: 41473916 

E-post: Camilla.sandven@skole.rogfk.no

 

 

Iren Undheim Øgreid

 

Iren Undheim Øgreid er miljørettleiar HO

Miljøbase B-bygg

Jobbar alle dagar utanom fredag

Tlf: 40454355

E-post: iren.undheim.ogreid@skole.rogfk.no