Elevrådsleiaren ønskjer engasjerte, trygge elevar

Den nye elevrådsleiaren på skulen er Ronald Alan A. Velasco. Han går 2. året på Medier og kommunikasjon. Ronald er politisk engasjert, og trivest godt i rolla som elevrådsleiar. 

Ronald Alan A. Velasco

 Han skryt av gjengen i elevrådsstyret: "Det er ein triveleg gjeng, og me jobber godt saman", seier han.

 

Som elevrådsleiar ønskjer Ronald å jobba for og med elevane på skulen. Målet er at alle skal ha det bra, og at det skal kjennast godt og trygt for alle å gå på skulen. Han ønskjer også at fleire elevar engasjerer seg i det som skjer på skulen.

Nettopp dette, at alle har det bra, og opplever at dei blir sett og akseptert på skulen, er særleg utfordrande når skulen er så stor. Difor ønskjer Ronald og resten av elevrådsstyret å satse på fleire sosiale tiltak som gjer at elevane blir kjende med kvarandre og kjenner seg tryggare i skulekvardagen. Konkret kva det blir, veit han ikkje endå, men dette jobber styret med.