Julehelsing frå rektor

Julehelsing frå rektor

Juleferien står for tur og eg vil nytte høvet til å takke for ein utruleg fin haust på Bryne vidaregåande skule. 

Eg er svært stolt og audmjuk for å arbeide på ein skule som utdannar 1600 medmenneske som skal ut i samfunnslivet og vere gode familiemedlemar, vener og arbeidstakarar. Elevane gjer kvardagen vår verdifull og me lærer meir om kunnskap og å vere medmenneske kvar dag.

 

Juletida er like fin for nokon som den er vond for andre. Dette er også tida for tap og sorg i nær familie, fordi det vert meir synleg då. Dei fleste av oss kjenner nokon som har det vanskeleg; vener, medelevar eller kollegaer som er svært usikre på korleis jula skal bli i år. Eg vil oppmode alle til å ha ekstra omtanke om omsut for desse. Kanskje dei treng ei ekstra kjekk melding på telefonen, eller bli invitert på cafe eller tur rundt eit vatn?

Eg gler meg til å sjå dykk att over jul. Ein spanande vår med god læring og samhold ventar på oss. Eg gler meg til å vere her saman med både elevar og tilsette.

God jul!

Mbh Ingunn

Del denne artikkelen på: