Bli kjent med ungdommar frå andre land

Bli kjent med ungdommar frå andre land

Internasjonaliseringsprosjektet "Tomorrow`s World: Towards a brigther future?" er eit Erasmus+prosjekt der Bryne vgs samarbeider med vidaregåande skular i Frankrike, Hellas og Tyskland.

Hovudfokuset for prosjektet er korleis framtida vil sjå ut med tanke på miljø, teknologi, menneske og arbeidsplasser. Arbeidspråket i prosjektet er engelsk. 

Første del av prosjektet er tur til Frankrike i veke 49.

I mai 2020 går turen til Hellas og i november/desember 2020 reiser prosjektdeltakarane til Tyskland.

Våren 2021 kjem alle deltakarane frå dei andre landa på besøk til Bryne. 

Elevane som deltek skal bu hos vertsfamiliar i Frankrike, Hellas og Tyskland og må stille som vertsfamilie for dei som kjem hit på besøk. 

Det er gratis å delta i prosjektet.

Dei som vil vite meir om prosjektet kan ta kontakt med Endre Vollsund, Pål Kvernstrøm, Selmer Aarsheim eller avdelingsleiar Klaus Beschel. 

Del denne artikkelen på: