Teknikk og industriell produksjon

Har du praktisk sans og godt håndlag? Er du interessert av å arbeide med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIP noko for deg.

BVG_tip_ikon_RGB_sort_200px

KVIFOR TEKNIKK OG INDUSTRIELL PRODUKSJON?

  • Fordi du synest det er spennande å produsere noko håndfast.
  • Fordi du er slik at du alltid lurer på korleis "dibbedutter" og maskiner fungerer.
  • Vi lever i ei globalisert verd. Teknikk og industriell produksjon er fag som dukker opp i internasjonale samanhenger, det finst arbeid over heile verda for de som vil.
  • Desse faga hjelper deg til å ta aktivt del i verda rundt deg, å være med og skape verdiar både der du bor, og i landet og verda elles.

KVIFOR HOS OSS?

  • Vi har eit svært breitt fagtilbod på dette programområdet.
  • Vi tilbyr opplæring i godt utstyrde verkstader.
  • Vi har tett samarbeid med næringa rundt oss. Både i form av bedriftsbesøk og utplasseringar.
  • Det viktigaste vi har, er engasjerte og dyktige lærarar som vektlegg å gi elevane ei opplæring og ein arbeidsmoral som arbeidslivet på Jæren føretrekk.

FAG- OG TIMEFORDELING:

VG1 VG2
FELLESFAG FELLESFAG
Norsk 2 t Norsk 2 t
Engelsk 3 t Engelsk 2 t
Kroppsøving 2 t Kroppsøving 2 t
Matematikk 3 t  
Naturfag 2 t  
  Samfunnsfag 3 t
FELLES PROGRAMFAG FELLES PROGRAMFAG INDUSTRITEKNOLGI
Produksjon 7 t Produksjon 7 t
Dokumentasjon og kvalitet 5 t Dokumentasjon og kvalitet 5 t
Tekniske tenester 5 t Reparasjon og vedlikehaldsteknikk 5 t
Yrkesfagleg fordjuping 6 t Yrkesfagleg fordjuping 9 t

AKTUELLE LENKER:

TIP på Utdanningsdirektoratet sine sider: Vilbli 

Fylka si informasjonsteneste for søkarar til vidaregåande opplæring: Udir 

Opplæringskontoret for industrifag i Rogaland: OFIR

TIP_20151217_022 bla?ètt
Del denne artikkelen på:
Vindmølleprosjekt på TIP

I fleire veker har elevane på TIP arbeidd med eit vindmølleprosjekt. Onsdag 18. mai vart dei sjølvlaga vindmøllene testa ut, og beste vindmølle kåra.

Saftblandarane på IT

VG2 Informasjonsteknologi blander saft med hjelp av dataprogrammering.

Fagdag på TIP

Onsdag 18. januar var det fagdag for vg1 TIP og vg2 INT.

Vedlegg
Kontaktperson