Restaurant- og matfag

Restaurant og matfag er sosialt, spanande og fører fram til eit yrke for framtida: Sosialt fordi du jobbar tett saman med andre entusiastar, spanande fordi interessa for god mat blir større og større.

BVG_mat_ikon_RGB_sort_1000px

KVIFOR RESTAURANT - OG MATFAG?

* Fordi du liker å lage mat og er opptatt av godt og riktig kosthold og helse.

* Vi lever i ein kvardag kor betydninga av mat og det vi et er viktig. Det krev gode fagkunnskapar og ferdigheiter innan restaurant- og matfag, mange av yrkene i bransjen er etterspurde.

* I desse faga lærer du det grunnleggjande for å bli ein god restaurantkokk, institusjonskokk, servitør, bakar, konditor, kjøtteskjærar, pølsemakar, slaktar, sjømathandlar eller drive industriell matproduksjon.

* Med bakgrunn i desse faga er du godt rusta for eit vidare læreløp eller påbygg til generell studiekompetanse.

KVIFOR HOS OSS?

* Vi har eit godt fagtilbud og skulen har eit nært og godt samarbeid med arbeidsliv og bransjen.

* Vi samarbeider med blant andre lærlingekompaniet, lokale matprodusentar og hotell- og restaurantbransjen.

* Vi deltek i arrangement og konkurransar som Skole-NM for VG2 elever innanfor kokk- og servitørfag og Matfagene.

* Vi har mange interessante bedriftsbesøk i faga.

* Vi har engasjerte og dyktige lærarar som legg på vekt på å gi elevane ein naturlig overgang til vidare læreløp.

FAG OG TIMEFORDELING

VG1 VG2
FELLESFAG FELLESFAG
Norsk 2 t Norsk 2 t
Engelsk 3 t Engelsk 2 t
Kroppsøving 2 t Kroppsøving 2 t
Matematikk 3 t  
Naturfag 2 t  
  Samfunnsfag 3 t
FELLES PROGRAMFAG FELLES PROGRAMFAG
Bransje, fag og miljø 5 t  
Råkost og produksjon 7 t  
Kosthold og livsstil 5 t  
Yrkesfaglig fordypning 6 t Yrkesfaglig fordypning 9 t
  Kokk- og servitør
  Kosthold, ernæring og helse 5 t
  Servering, bransje og miljø 5 t
  Råvare og produksjon 8 t
   
  Matfag
  Salg og marked 5 t
  Bransje, fag og miljø 5 t
  Råvare, kvalitet og produksjon 8 t

LENKER

Fylka si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring: vilbli.no

Restaurant og matfag på Utdanningsdirektoratet sine sider: UDIR

RM_20151210_073 bla?ètt1
Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson