Bygg- og anleggsteknikk

Er du flink med hendene dine og likar praktisk arbeid? I så fall kan eit av dei mange faga innanfor bygg- og anleggsteknikk vera det rette valet for deg.

BVG_bygg_ikon_RGB_sort_200px

KVIFOR BYGG- OG ANLEGGSTEKNIKK?

* Fordi du likar praktisk arbeid og er flink med hendene.

* Vi er ein bransje med stort behov for kvalifisert arbeidskraft.

* Du får sjansen til å setje synlege spor etter deg ved bygging av veier, bruer, uteområde, anlegg og flotte bygg.

* Du kan jobbe sjølvstendig og nøyaktig, men samtidig vere god til å samarbeide.

Utdanning innan dette fagområdet opnar for jobbar som anleggsmaskinførar, røyrleggjar, tømrar, betongarbeidar, murar og alle andre yrke du finn på ein byggeplass. Det første året i skule-Vg1 bygg- og anleggsteknikk- gir i tillegg til fellesfaga, grunnleggjande opplæring både teoretisk og praktisk innan faga anleggsteknikk, byggteknikk, treteknikk, overflateteknikk, og klima-, energi- og miljøteknikk (KEM).

KVIFOR HOS OSS?

Etter Vg1 kan du på Bryne vidaregåande skule velgje enten Vg2 byggteknikk eller Vg2 Klima, energi- og miljøteknikk (KEM). Dersom du vel byggteknikk får du opplæring innan betongfaget, murarfaget, stillasbyggarfaget og tømrarfaget. Dersom du vel KEM får du opplæring innan røyrleggarfaget, ventilasjon- og blikkenslagarfaget, og taktekkarfaget.

FAG OG TIMEFORDELING

VG1 VG2
FELLESFAG FELLESFAG
Norsk 2 t Norsk 2 t
Engelsk 3 t Engelsk 2 t
Kroppsøving 2 t Kroppsøving 2 t
Matematikk 3 t  
Naturfag 2 t  
  Samfunnsfag 3 t
FELLES PROGRAMFAG FELLES PROGRAMFAG BYGGTEKNIKK/KLIMA, ENERGI OG MILJØTEKNIKK
Tegning og bransjelære 5 t  
Produksjon 10 t Produksjon 10 t
Yrkesfaglig fordypning 6 t Yrkesfaglig fordypning 9 t
  Bransjelære 5 t

LENKER

* Fylka si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregående opplæring: Vilbli.no

* Bygg- og anleggsteknikk på Utdanningsdirektoratet sine sider: UDIR

* Ulike opplæringskontor for bygg- og anleggsteknikk: Byggmestrenes Service og Opplæringskontor -  Byggopp -  Blikkopp -  Opplæringskontoret for anleggsfaga -  Opplæringskontoret for rørfag

BA_20151217_052 bla?ètt
Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson