Kvardagslivstrening

Alternativ opplæring i mindre grupper,kvardagslivstrening er eit opplæringstilbod for multifunksjonshemma elevar med stort hjelpebehov. Elevane har ulik grad av funksjonshemmingar og store, sammensette lærevanskar. Opplæringstilbodet kvalifiserer for dagsenter og / eller verna arbeid.

BVG_kvardagslivstrening_ikon_RGB_sort_1000px

Målsetting
Opplæringstilbodet tar sikte på å gi livskvalitet her og nå med fokus på eleven si deltaking og opplæring i situasjonen.

Eit av hovedmåla er at eleven i størst mulig grad skal kunne påverke kvardagen sin og ta eigne val. Å kartlegge muligheter for alternativ kommunikasjon for dei som har behov for det, vil dirfor ha høg prioritet. I tillegg til opplæringa er det eit mål at eleven får dekka sine grunnleggjande behov som tiltak i forhold til ernæring, personleg hygiene, og at undervisninga fremmar fysisk og psykisk helse. I gruppene legg vi vekt på å skape trygghet, forutsigbarhet, trivsel og glede.

 

Undervisninga:Det vil vere eleven sine forutsetningar og individuelle behov som er avgjerande for kva mål som blir sett opp i IOP (Individuell opplæringsplan).

I opplæringa legg vi vekt på kommunikasjon, sosial kompetanse og motorisk- og fysisk- utvikling. Vi er opptekne av å oppdage muligheter for ny læring og å videreutvikle dei ferdigheitene eleven allereie har. Undervisninga er organisert i temabolker sett opp i årsplan. Vi har uteskule, timar med musikkpedagog og kroppsøvingshall til disposisjon.

 

Organisering: Elevane er organisert i grupper som kvar har tre til fem elevar. Undervisning blir gitt som einetimar eller gruppe etter behov. Elevane deltek i andre elevgrupper på skulen i samsvar med eleven sin IOP. Personalet består av pedagogar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.

Opplæringstilbudet er eit heilheitstilbod kor omfanget er 30 t/u i 38 veker. Skuledagen starter kl 8.00 kvar dag, og slutter kl. 13.15 kvar dag.

 

Lokalitetar: Lokala er store og lyse. Vi disponerer to store klasserom med kjøkkenavdeling, bad, fleire grupperom, rom for fysioterapi, sanserom og musikkrom. I tillegg har vi store vrimleareal som er tilrettelagt for fysiske aktivitetar og sansestimulering. 

  • SAMARBEIDSRUTINAR
    Alle elever med alternativ opplæring har rett på spesialundervisning etter opplæringslova §5-1

    Skulen utarbeider IOP for den enkelte elev, og desse blir evaluert fortløpande. Eleven sin IOP frå grunnskulen vil vere utgangspunkt for ny IOP / IODP. Denne blir utarbeida i samarbeid med føresette og avgjevarskole etter at skuleplass er tildelt.

    Vi har IOP - møter med føresette, deltek på ansvarsgruppemøte, og har møte og telefonkontakt med avlastningstilbod.

    Samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, PPT, habiliteringstenesten og kompetansesentre skjer etter behov.

    Har du spørsmål om alternativ opplæring, kvardagslivstrening kan du kontakte avdelingsleder liv.berit.erland@skole.rogfk.no

    Vil du kome og sjå korleis vi har det, er det bare å ta kontakt, og vi avtaler tid som passar.

Hverdagslivstrening_08032016_bla?ètt
Del denne artikkelen på:
Kontaktperson