Studiespesialiserande

Studiespesialiserande

Studiespesialiserande programområde – for deg som skal studera vidare

BVG_studiespes_ikon_RGB_sort_200px

KVIFOR STUDIESPESIALISERANDE vg1?

  • Fordi du har interesse for teoretiske fag
  • Du er motivert for å jobbe mot vidare studie
  • Den rette fagkombinasjonen gir deg nøkkelen til alle vidare studie
  • Du kan studere i utlandet

KVIFOR SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI PÅ vg2 og vg3?

  • Gir generell studiekompetanse.
  • Åpner for dei fleste studie på universitet og høgskular.
  • For deg som ser føre deg ei framtid innan privat næringsliv og offentleg verksem er økonomistudie ein veg å gå.
  • I eit stadig meir globalisert samfunn er språkkunnskaper stadig viktigare.   
  • Fordjuping i samfunnsfag auker kunnskapane dine om politikk, kultur og nærlingsliv
  • Fordjuping i språk gjer deg både meir aktuell på den internasjonale arbeidsmarknaden og gjere det enklare å studere vidare i utlandet
  • Aktuelle yrke er lærar, sosionom, psykolog, journalist, statsvitar, økonom, politi, sjukepleiar, prest, bibliotekar med fleire

KVIFOR REALFAG PÅ vg2 og vg3?

  • Samfunnet har eit stort behov for realistar
  • Innen mange yrke, som til dømes ingeniør, er det eit internasjonalt marked for arbeidskraft.
  • Mange spennande yrke, som ingeniør, lege og arkitekt, baserer seg på realfag.
  • Visse kombinasjonar av realfag gir deg spesiell studiekompetanse

KVIFOR HOS OSS?

  • På Bryne har me frå skuleåret 2019/20 seks parallelle klassar innan studiespesialiserande programområde på kvart trinn. Med så mange elevplassar, har me eit svært breitt fagtilbod.
  • Innan realfag tilbyr me fysikk, kjemi, biologi, geofag, informasjonsteknologi (IT) og teknologi- og forskningslære.
  • Me er etablert i nye bygg med vindturbinar, solfangarar og solceller på taket. Dette blir nytta i undervisninga, og elevane får difor sjå korleis slike anlegg fungerer i praksis. Skulen har også store, fine laboratorium og andre undervisningslokale.
  • Me samarbeider med mellom andre UiS innanfor realfag, og me har ekskursjonar i lokalmiljøet, mellom anna til Vindmølleparken, IVAR og Jærmuseet. Kvart år prøver me også å legge inn ulike studieturar i faga.
  • Me deltek i konkurransar som Abel, olympiadane innan kjemi, fysikk, biologi og IT.
  • Innan språk, samfunnsfag og økonomi har me også mange ulike fag på menyen som sosiologi og sosialantropologi, sosialkunnskap, reiseliv og språk, internasjonal engelsk, psykologi, økonomistyring med fleire – sjå komplett liste lenger nede på sida. 
  • Me arrangerer Litla-Stortinget kvar år
  • Elevar på Vg1 får sjansen til å delta på Mini-FN
  • Elevene får i samfunnsfag foredrag av Spleiselaget, om personlig økonomi frå ein av bankane me samarbeidar med
  • Skulen er til ei kvar tid involvert i fleire internasjonaliseringsprosjekt som elevane kan vera med på (Les meir her)
  • I programfag som sosiologi og sosialantropologi og sosialkunnskap er det mange interessante ekskursjoner og foredrag. Me samarbeidar mellom anna med Åna fengsel. 

NYTTIGE LENKER:

  • Om Studiespesialiserande på Utdanningsdirektoratet sine sider: Vilbli
  • Fylka si informasjonsteneste for søkarar til vidaregåande opplæring: Udir

FAG- OG TIMEFORDELING:

Vg1 Vg2 Vg3
4 timar norsk 4 timar norsk 6 timar norsk
2 timar kroppsøving 2 timar kroppsøving 2 timar kroppsøving
5 timar matematikk 3 timar matematikk  
4 timar framandspråk 4 timar framandspråk  
5 timar engelsk 2 timar historie 4 timar historie
5 timar naturfag   3 timar religion og etikk
3 timar samfunnsfag

+ 3 eller 4 programfag

(med R- eller S-matematikk vel du 4 programfag)

+ 3 programfag
2 timar geografi    
Sum: 30 timar Sum: 30 timar Sum: 30 timar

 

Vg1:

Innanfor framandspråk har Bryne vidaregåande skule desse tilboda: Fransk nivå 2, spansk nivå 1 og 2 og tysk nivå 1 og 2.

I løpet av det første året må elevane velje kva for eit programområde og kva for fag innan dette programområdet dei vil ha i Vg 2 og Vg 3.

Vg2 og Vg3:

I tillegg til fellesfaga, skal elevane velje mellom to programområde dei to siste skuleåra.

Eleven må ha minst to programfag frå same programområde i to år, dvs. at ein må gå vidare med minst to av programfaga frå Vg2 til Vg3 . Alle skal ha tre programfag kvart av åra.

Realfag Samfunnsfag, språk og økonomiske fag
Biologi 1 og 2 Sosiologi og sosialantropologi*
Fysikk 1 og 2 Sosialkunnskap*
Geofag 1 og 2 Politikk og menneskerettar*
Kjemi 1 og 2 Rettslære 1 og 2
Matematikk realfag 1 og 2 Samfunnsøkonomi 1 og 2
Matematikk samfunnsfag 1 og 2 Marknadsføring og leiing 1 og 2
Informasjonsteknologi 1 og 2 Entrepenørskap og bedriftsutvikling 1 og 2
Teknologi og forskningslære  Økonomistyring
  Økonomi og leiing
  Reiseliv og språk 1 og 2
  Internasjonal engelsk vg2
  Samfunnsfagleg engelsk vg3
  Engelsk litteratur og kultur vg3
  Framandspråk 1 og 2
  Psykologi 1 og 2
  Kommunikasjon og kultur 1 og 2
  Framandspråk 3 nettbasert
  * å ha to av desse faga gjev fagleg fordjuping

I tillegg kan du velje eit programfag frå idrett, td. friluftsliv, breiddeidrett eller toppidrett.

Reglar om val av fag finn du på i rundskrivet UDIR-1-2015. 

Ta kontakt med avdelingsleiar Ole Martin Hillesund viss du har spørsmål om valfrie programfag.

Studieforberedende_20151210_087 bla?ètt
Del denne artikkelen på:
"Galflaut, men gildt" med tyskprosjekt

Torsdag 24.november vart ein annleis skuledag for 2STB. 

Franskvikar med lang erfaring

Det er ikkje kvar dag ein høyrer fransk song på skulen, men når elevane i franskgruppa på vg2 har vikar, blir det ofte sunge både ein og to songar på fransk i løpet av ei økt.

Friluftsliv på tur i Lyseheiane 13.-15. september

Årets første tur med friluftsgruppa giekk til Lyseheiane. Onsdag 13.september gikk bussen turen nordover med 40 ryggsekker og like mange spente elever ombord. 

Vedlegg
Kontaktperson