Medium og kommunikasjon

Som medieelev lærer du å kommunisere innan ei rekkje medium: avis, grafisk design, film, radio, TV og på Internett.  

BVG_mk_ikon_RGB_sort_1000px

KVIFOR MEDIUM OG KOMMUNIKASJON?

  • Fordi du er nysgjerrig, kreativ og synest det er kjekt å jobbe med foto, film, TV produksjon og grafisk design.
  • Fordi vi lever i ei globalisert og digital verd kor det er ein fordel med høge ferdigheiter i mediefag og digital forståing.
  • Kompetanse innan mediefag er etterspurd i mange yrke.

Med bakgrunn i desse faga er du godt rusta for videre studiar og kan mellom anna bli journalist, tekstforfattar, innhaldsprodusent, webdesignar, interaksjonsdesignar, speldesignar, lyd- eller filmprodusent, fotograf, grafisk designar og kommunikasjonsrådgivar.
Med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studiar ved høgskuler og universitet.

Faga medieuttrykk og mediesamfunnet gir deg kunnskapar om:

  • forteljarteknikkar i tekst, lyd og bilde
  • mediepåverkning, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å vidareutvikle din digitale kompetanse

KVIFOR HOS OSS?

  • Vi har svært dyktige lærarar med ulik bakgrunn innan mediefaga på dette programområdet.
  • Vi har eit godt samarbeid med den lokale mediebransjen og lokalsamfunnet elles.
  • Vi deltek i konkurransar som Iddiskonkurransen (Norske hermetikkmuseum og Norsk Grafisk museum), Amandusfestivalen og andre medie-konkurransar.
  • Vi har nytt flott fotostudio, stort TV-studio og radio/lyd-studio.
  • Du kan velje å gå Vg 2 i England på Bridgwater and Taunton College

FAG- OG TIMEFORDELING

VG1 VG2 VG3
FELLESFAG    
4 t Norsk  4 t Norsk 6 t Norsk 
2 t Kroppsøving 2 t Kroppsøving 2 t Kroppsøving
5 t Matematikk 3 t Matematikk 3 t Reliogion og etikk
5 t Engelsk 2 t Historie 4 t Historie
4 t Fremmedspråk  4 t Fremmedspråk  
5 t Naturfag  2 t Geografi  
  3 t Samfunnsfag  
FELLES PROGRAMFAG
5 t Mediesamf. 1  5 t Mediesamf. 2  5 t Mediesamf. 3 
5 t Medieuttrykk 1  5 t Medieuttrykk 2   5 t Medieuttrykk 3 
  5 t Valgfr. progr.f.*  5 t Valgfr. prog.f.* 
    5 t Valgfr. prog.f.* 

* Valfrie fag: Eit 5-timars fag på VG2 og to 5-timarsfag på VG3: Ein kan enten velje mellom ME-programfaga Bilde, Grafisk design, Lyddesign, Medieutvikling,Tekst eller du kan velje fag frå andre programområde innanfor realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.

LENKER

MK_20151210_009 bla?ètt
Del denne artikkelen på:
Gullvibå 2017

Siste skuledag var det klart for utdeling av Gullvibå 2017 for elevane på vg1 og vg2 Medier og kommunikasjon.

Gullvibå

Siste skuledag hadde Medier og kommunikasjon vg1 og vg2 utdeling av sin eigen pris, Gullvibå.

Vedlegg
Kontaktperson