Medier og kommunikasjon

Som medieelev lærer du å kommunisere innan ei rekkje medier: avis, grafisk design, film, radio, TV og på Internett.  

BVG_mk_ikon_RGB_sort_1000px

KVIFOR MEDIER OG KOMMUNIKASJON?

  • Fordi du er nysgjerrig, kreativ og synest det er kjekt å jobbe med foto, film, TV produksjon og grafisk design.
  • Fordi vi lever i ei globalisert og digital verd kor det er ein fordel med høge ferdigheiter i mediefag og digital forståing.
  • Kompetanse innan mediefag er etterspurd i mange yrke.

Med bakgrunn i desse faga er du godt rusta for videre studiar og kan mellom anna bli journalist, tekstforfattar, innhaldsprodusent, webdesignar, interaksjonsdesignar, speldesignar, lyd- eller filmprodusent, fotograf, grafisk designar og kommunikasjonsrådgivar.
Med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studiar ved høgskuler og universitet.

Faga medieuttrykk og mediesamfunnet gir deg kunnskapar om:

  • forteljarteknikkar i tekst, lyd og bilde
  • mediepåverkning, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å vidareutvikle din digitale kompetanse

KVIFOR HOS OSS?

  • Vi har svært dyktige lærarar med ulik bakgrunn innan mediefaga på dette programområdet.
  • Vi har eit godt samarbeid med den lokale mediebransjen og lokalsamfunnet elles.
  • Vi deltek i konkurransar som Iddiskonkurransen (Norske hermetikkmuseum og Norsk Grafisk museum), Amandusfestivalen og andre medie-konkurransar.
  • Vi har nytt flott fotostudio, stort TV-studio og radio/lyd-studio.
  • Du kan velje å gå Vg 2 i England på Bridgwater and Taunton College

FAG- OG TIMEFORDELING

VG1 VG2 VG3
FELLESFAG    
4 t Norsk  4 t Norsk 6 t Norsk 
2 t Kroppsøving 2 t Kroppsøving 2 t Kroppsøving
5 t Matematikk 3 t Matematikk 3 t Reliogion og etikk
5 t Engelsk 2 t Historie 4 t Historie
4 t Fremmedspråk  4 t Fremmedspråk  
5 t Naturfag  2 t Geografi  
  3 t Samfunnsfag  
FELLES PROGRAMFAG
5 t Mediesamf. 1  5 t Mediesamf. 2  5 t Mediesamf. 3 
5 t Medieuttrykk 1  5 t Medieuttrykk 2   5 t Medieuttrykk 3 
  5 t Valgfr. progr.f.*  5 t Valgfr. prog.f.* 
    5 t Valgfr. prog.f.* 

* Valfrie fag: Eit 5-timars fag på VG2 og to 5-timarsfag på VG3: Ein kan enten velje mellom MK-programfaga Bilde, Grafisk design, Lyddesign, Medieutvikling,Tekst eller du kan velje fag frå andre programområde innanfor realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.

LENKER

MK_20151210_009 bla?ètt
Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson