Idrettsfag

Kombiner idrettsutdanning og trening med generell studiekompetanse. Du kan velge mellom trening innanfor ein spesiell idrett eller meir fokus på breddeidrett.

BVG_idrett_ikon_RGB_sort_1000px

KVIFOR IDRETTSFAG?

Idrettsfag er eit studieførebuande utdanningsprogram som gir generell studiekompetanse etter fullført treårig løp. Gjennom det treårige utdanningsløpet får du fordjupe deg i ein eller flere idrettar i tillegg til gode kunnskapar om basistrening, treningsplanlegging, helse og livsstil. Idrettsfag er for deg som ønsker ein aktiv veg mot studiekompetanse. Mange felles programfagstimar og felles opplevingar skaper godt klassemiljø og høg trivsel.

KVIFOR HOS OSS?

Idrettsfag ved Bryne vidaregående skule er både for deg som blir motivert av bredde og variasjon i aktivitetar og for deg som satser på å utvikle deg på toppidrettsnivå. 

På idrettsfag legg vi til rette for fag som krevst for opptak til teknologistudiar (matematikk R1, matematikk R2 og fysikk FY1).

Breddeidrett passar for alle som ønsker ein meir variert skulekvardag.

Toppidrett er for dei som satser innan eigen idrett. Skulen har tilbod om toppidrett i handball, fotball og innebandy. I tillegg legg skulen til rette for eit breitt utval av andre idrettar.

Lærarane på toppidrett har høg trenarutdanning i tillegg til pedagogisk utdanning.

FAG OG TIMEFORDELING

VG1 VG2 VG3
FELLESFAG FELLESFAG FELLESFAG
Norsk 4 t Norsk 4 t Norsk 6 t
Matematikk 5 t Matematikk 3 t  
Framandspråk 4 t Framandspråk 4 t  
Engelsk 5 t    
Naturfag 5 t    
  Samfunnsfag 3 t  
  Geografi 2 t  
  Historie 2 t Historie 4 t
    Religion og etikk 3 t
FELLES PROGRAMFAG FELLES PROGRAMFAG FELLES PROGRAMFAG
Treningslære 2 t Treningslære 3 t Treningslære 5 t
Aktivitetslære 5 t Aktivitetslære 5 t Aktivitetslære 5 t
Toppidrett/Breddeidrett 5 t Toppidrett/Breddeidrett eller Friluftsliv 5 t Toppidrett/Breddeidrett eller Friluftsliv 5 t
  Idrett og samfunn 2 t Idrett og samfunn 3 t
  Treningsledelse 2 t Treningsledelse 4 t

LENKER

Fylka si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring: Vilbli

Idrettsfag på Utdanningsdirektoratet sine sider: UDIR

Idrett_20151211_185 bla?ètt1
Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson