Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse

For å kunne ta Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse, må du ha fullført og bestått vg1 og vg2 i eit yrkesfaglig utdanningsprogram. I tillegg må du ha fullført læretid og oppnådd fagbrev eller svennebrev i det aktuelle utdanningsprogrammet. Alternativt kan du ha fullført 3 år i skule når det gjeld tilbod som ikkje er underlagd lov om fagopplæring.

Å ta Påbygging til generell studiekompetanse inneber eit år med teoretisk fordjuping i fag. For å lukkast må du vere førebudd på å arbeide systematisk og målretta med dei ulike faga, og bruke lærarane som vrettleiarar. Du får best læringsutbytte ved å vere førebudd til undervisninga, delta aktivt og jobbe regelmessig med faga.

Ved å fullføre og bestå Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir du kvalifisert for opptak ved universitet og høgskular.

Ved skulen har vi to klassar med plass til 30 elever for dette utdanningsprogrammet.

Fag og timetal per veke:

På dette studiet er det totalt 23 timar undervisning kvar veke, fordelt på 5 dager. Kurset består av følgjande fag:

* Norsk, 10 timar per veke

* Naturfag, 3 timar per veke

* Matematikk, 5 timar per veke

* Historie, 5 timar per veke

Del denne artikkelen på: