Påbygging til generell studiekompetanse

For å kunne ta Påbygging til generell studiekompetanse må du ha fullført og bestått vg1 og vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Å ta Påbygging til generell studiekompetanse inneber eit år med teoretisk fordjuping i fag. For å lukkast med dette må du vere førebudd på å arbeide systematisk og målretta med dei ulike faga, og bruke lærarane som vegleiarar. Du får best læringsutbytte ved å førebu deg godt til undervisninga, delta aktivt og arbeide regelmessig med faga.

Ved å fullføre og bestå Påbygging til generell studiekompetanse blir du kvalifisert for opptak ved universitet og høgskular.

Ved skulen har vi to klassar med plass til 30 elevar for dette utdanningsprogrammet.

Fag og timetal per veke:

På dette studiet er det totalt 30 timar undervisning per veke fordelt på 5 dagar. Kurset består av følgjande fag:

* Norsk, 10 timar per veke

* Naturfag, 3 timar per veke

* Matematikk, 5 timar per veke

* Historie, 5 timar per veke

* Kroppsøving: 2 timar per veke

Valfrie programfag: 5 timar per veke

Del denne artikkelen på: