For å kunne ta Påbygging til generell studiekompetanse må du ha fullført og bestått vg1 og vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Å ta Påbygging til generell studiekompetanse inneber eit år med teoretisk fordjuping i fag. For å lukkast med dette må du vere førebudd på å arbeide systematisk og målretta med dei ulike faga, og bruke lærarane som vegleiarar. Du får best læringsutbytte ved å førebu deg godt til undervisninga, delta aktivt og arbeide regelmessig med faga.

For å kunne ta Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse, må du ha fullført og bestått vg1 og vg2 i eit yrkesfaglig utdanningsprogram. I tillegg må du ha fullført læretid og oppnådd fagbrev eller svennebrev i det aktuelle utdanningsprogrammet. Alternativt kan du ha fullført 3 år i skule når det gjeld tilbod som ikkje er underlagd lov om fagopplæring.