Innføringsklassane

Målgruppa

Innføringsklassane er for ungdom mellom 16 og 24 år som manglar norskkunnskapar på eit nivå som gjer at dei kan gå i ordinær vidaregåande skule. Dei som blir tatt opp i innføringsklassane må ha gjennomført norsk grunnskule eller tilsvarande frå heimlandet eller vera utskrivne frå norsk grunnskule. 

Desse ungdommane har etter Opplæringslova § 3-12 rett til særskilt norskopplæring til dei har nådd eit nivå der dei kan følgje opplæringa i ordinære klassar. Elevane kan gå i innføringsklasse for å lære norsk og om norske samfunnsforhold i inntil to år. Dei blir testa fire gonger i året, og når dei oppnår nivå B1 etter den europeiske språkstandarden, blir dei søkt inn i eit ordinært tilbod eller får anledning til å hospitere på dei utdanningsprogramma dei ønsker.

Innhald

Opplæringstilbodet består av faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving. Total undervisningstid er 30 timer i veka. Elevane får låne PC på skulen.

 

INNTAKSKRAV:

  • Vitnemål frå norsk grunnskule, eller grunnopplæring i utlandet i minst ni år
  • Gyldig opphaldsløyve i Noreg
  • Folkeregisterregistrert adresse i Rogaland
  • Kurset er berekna for elevar mellom 16 og 24 år som har ungdomsrett 

Søknadsfrist er 1. mars. Søknad skal sendas til inntakskontoret.

Dersom det er plass og moglegheit, så vil det kunne tas opp elever gjennom året.

  Søknadsskjema finn du her. 

Skjema skal sendas til:

Rogaland Fylkeskommune
Seksjon for kvalitet, analyse og dimensjonering
Postboks 767
4004 STAVANGER

Tilbodet er bare for elevar som har rett til utdanning i vidaregåande skule, og som har til hensikt å gjennomføre vidaregåande opplæring i etterkant av norskopplæringa. Elever som ikkje skal ta vidaregåande skule, tar kontakt med vaksenopplæringssentreret i kommunen der dei bur.

Meir informasjon kan du få ved å ta kontakt med avdelingsleiar Randi R. Bustnes tlf. 51923129 - eller med opplæringsavdelinga i Stavanger.

  Regelverk for minoritetsspråklige elever (Utdanningsdirektoratet)