Solidaritetsarbeid

Bryne vgs. driv solidaritetsarbeid saman med to andre vidaregåande skular i fylket.

Stavanger katedralskole, Sandnes videregående og Bryne vidaregåande driv PIS-prosjektet. Gjennom prosjektet samlar dei inn pengar til to flyktningleirar for palestinske flyktningar. Den eine leiren ligg i Betlehem, den andre leiren ligg i Libanon.

Kvart år dreg elevar og lærarar frå skulane på studietur for å få eit innblikk i konflikten mellom israelarar og palestinarar.

Du kan lese bloggen frå den siste studieturen her:

http://www.theholyland2015.blogspot.no 

Del denne artikkelen på:
Dei seks som skal reise er Susanna Aske Bredenbekk, Krister Byrkjedal Karlsrud, Jonas Bråtveit Haarr, Eilen Sæther, Petter Reed og Sølvi Jacobsen Waldeland

Torsdagen i haustferien, 13.oktober, reiser fire elevar og to tilsette frå Bryne vidaregåande skule på tur til Palestina og Israel.

Solidaritetsdag 13. november

Måndag 13.november skal det vera solidaritetsdag for elevane på Bryne vgs. 

Besøk frå Alrowwad-senteret

Torsdag 5.januar fekk elevrådstyret og elevane som var på solidaritetstur i haust besøk av Abdelfattah Abusrour. Han er grunnleggjar og leiar for Alrowwad-senteret.

Resultat frå solidaritetsaksjonen

No er resultatet frå solidaritetsaksjonen 2016 klart.

Elevane på Bryne vgs samla inn 351 381 kr.