Skulebygget - skuleåret 2018-2019

Skuleåret 2018-2019 vil Bryne vgs ha undervisning i følgjande bygg.

DSCF0565A

 Bygg A - Hetlandsgata 27 ligg like sør for Høghuset og Garborgsenteret. Programområda Studiespesialisering, Medier og kommunikasjon og Idrettsfag held til i dette bygget saman med kantine, administrasjon, IKT, bibliotek og rådgjevarar. 

DSCF0620

 Bygg B - Hetlandsgata 29 ligg like ved sida av Bygg A og er knytt saman med dette bygget med bruer i 2. og 3. etasje. I dette bygget er det undervisningsrom for Restaurant og matfag, Service og samferdsel og Helse- og oppvekstfag.

DSCF1907

 Bygg C - Trallfavegen 2 ligg like sør for Bygg A. Her finn du undervisningslokale for Kvardagslivstrening, Bygg- og anleggsfag og Teknikk og industriell produksjon.

Bygg D -  Brynehallen - Idrettshall som ligg på vestsida av jernbanelinja. Kroppsøving og Idrettsfag.

Bilde Timehallen

Trallfavegen 4 - Timehallen

Bygg E -  Timehallen -Trallfavegen 4. Idrettshall som ligg 100 meter aust for Bygg B. Kroppsøving og Idrettsfag.

Del denne artikkelen på: