Velkomen til Bryne vgs. ved rektor

Velkomen til Bryne vgs. ved rektor

Kjære elev ved Bryne vidaregåande skule

Det er ei stor glede å få ønske deg velkomen til Bryne vidaregåande skule. Bryne er ein stor skule med 1600 elevar som har ulike interesser og evner som samfunnet treng. For å meistre skule, arbeidsliv og privatliv, veit me at tryggleik, læring og godt miljø er ein føresetnad.

Me veit at alle menneske ønsker få til eit godt liv for seg og sine næraste, og me vil vere med på vegen. De kan lese på nettsidene våre om tilbod innan sosialrådgjeving, yrkesrettleiing og studieverkstad. Dette er støttetiltak som hjelper deg å velje rett utdanning, kan hjelpe deg i personlege vanskar og med faglege utfordringar.

Våre lærarar og miljøarbeidarar evaluerer kontinuerleg praksis for å gje elevane det beste me har, og for å tilpasse opplæringa til eleven og fellesskapet. På Bryne vidaregåande skal du lære å bli endå tryggare på deg sjølv, akseptere og omgå andre med verdigheit, og ikkje minst: utvikle din faglege kompetanse.

Me gler oss til å ha deg med på laget!

Dersom du har spørsmål før skulen startar, er du velkomen til å sende oss ein mail eller be om møte. Generelle spørsmål kan sendast til administrasjonenbryne-vgs@skole.rogfk.no. Viss du lurar på noko som gjeld utdanningsprogrammet du skal gå på, kan du kontakte den aktuelle avdelingsleiaren

Beste helsing rektor

Ingunn Folgerø

Del denne artikkelen på: