Skulen i dag

Skulen i dag

Bryne vidaregåande er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 1600 elevar og om lag 330 tilsette. 

Skulen har eit bredt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, påbygging til generell studiekompetanse og påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring.

I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Desse inkluderar innføringsklassar i norsk for minoritetsspråklege, arbeidstrening og kvardagslivstrening. Vidare har me tilbod om spesialundervisning i mindre grupper for utdanningsprogramma bygg og anleggsteknikk, restaurant- og matfag, service og samferdsel pluss teknikk og industriell produksjon. Skulen har og ansvaret for undervisning i Åna fengsel

Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis og fagfornying, med fokus på djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Me har eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg og er ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring. Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar. 

Ta gjerne kontakt med skulen si leiargruppe eller administrasjonen for meir informasjon. 

Del denne artikkelen på: