Kva slags PC skal eg velje?

Kva slags PC skal eg velje?

Fylkestinget har vedteke at alle elever som går på offentlege vidaregåande skuler i Rogaland fylkeskommune(RFK) skal bruke berbar datamaskin i læringsarbeidet sitt.

For meir info sjå  elevportalen

 Elevar i Vg1 som kjøper datamaskin på fylket sin rammeavtale blir subsidiert av RFK. Dette tilbodet gjeld berre elevar som går i Vg1 og kan berre brukast ein gong. Tilbodet gjeld berre elevar som går i offentlege vidaregåande skular i Rogaland. Ved bestilling kan ein velje eingongsbetaling eller avbetaling med årlege avdrag over 3 år.

Har du lese- og skrivevanskar er det anbefalt å ha pc

Elles vil val av kva programområde du skal gå på og kva slags programvare som skal brukast avgjere valet ditt:

  1. Bygg- og anleggsfag
    Her blir det brukt programvare som krev gode maskinar. Skulen ønsker sterkt at det blir kjøpt pc.
  2. Teknikk og industriell produksjon
    Her blir det brukt programvare som krev Windows, og skulen ønsker derfor sterkt at det blir kjøpt pc.
  3. Medium og kommunikasjon
    Her blir det brukt programvare som fungerer på både pc og Mac. Skolen ønsker sterkt at maskinen har ein harddisk på minimum 240 gb. Dersom ein vel Mac ønsker skulen at det blir kjøpt Macbookpro.
  4. Helse- og oppvekstfag
    Her er det ingen spesielle krav til kva for ein maskin du vel.
  5. Restaurant- og matfag
    Her er det ingen spesielle krav til kva for ein maskin du vel, men skulen ønsker sterkt pc
  6. Service og samferdsel
    Her er det ingen spesielle krav til kva for ein maskin du vel.
  7. Idrettsfag
    Her vil enkelte av programfaga krevje Windows på grunn av programvare som vert brukt, derfor anbefaler skulen pc
  8. Studiespesialisering
    Her vil enkelte av programfaga krevje Windows på grunn av programvare som vert brukt, derfor anbefaler skulen pc
Del denne artikkelen på: