Internasjonale prosjekt

Internasjonale prosjekt

Bryne vidaregåande skule er med på fleire internasjonale prosjekt. Internasjonale prosjekt dreier seg om utveksling og besøk til andre land for å auke forståing, respekt og toleranse i eit internasjonalt perspektiv.

For tida er Bryne vidaregåande skule med på eit prosjekt som heter "Wastech". Det handlar om fordelar og ulemper med teknologi i dagens samfunn.

I november var tre elevar og tre lærarar ved skulen vår på besøk i Tyrkia der vi fekk oppleve tyrkisk kultur og gjestfridom. Vi besøkte mellom anna grottene i Capadoccia, moskeen i Kahramanmaras, skulen og fleire museum.

internasjonal2

Dei tre elevane frå Bryne budde hos tyrkiske vertsfamiliar. Når vi skal vera vertskap for besøket i Norge i mai, vil dei tyrkiske gjestene bu heime hos elevane. Dette er ein unik sjanse til verkeleg å få oppleve ein annan kultur og knytte vennskap på tvers av landegrenser, tru og levesett.

 

internasjonal

Deltakarlanda er Tyrkia, Makedonia, Slovakia, Italia, Romania og Norge. I veke 8 går turen til Sicilia, i veke 19 i mai kjem dei til Norge, i veke 42 skal vi til Makedonia, i veke 13 i 2020 går turen til Romania, og vi avsluttar prosjektet i Slovakia og hovudstaden Bratislava i veke 19 i 2020.

 

Melder du interesse for å vera med og blir valt ut, må du forplikte deg til å vera vertsfamilie i Norge i veke 19. Gjestene dine må då får ei seng og mat. Sist gong vi var vertskap reiste vi til Preikestolen, til Sirdal på skitur, vi åt kjøttkaker på Lura Turistheim, hadde grilling, dans og andre aktivitetar på Friluftshuset på Orre, curling på Nærbø og guida tur i Stavanger. Vi har tenkt å gjere noko liknande i mai. Viss du er med som vert, får du vera med på desse aktivitetane.

 

Når du er på besøk i eit anna land, treng du berre lommepengar. Alt anna som flybillettar, mat og aktivitetar blir dekka av skulen via EU. I tillegg får du gyldig fråvær for dei dagane og timane du er oppteken med prosjektet.

Vi treng elevar som har lyst til å vera ein del av dette utvekslingsprosjektet. Ta kontakt med klaus.beschel@skole.rogfk.no viss du er interessert i å vera ein del av utvekslingsprosjektet.

 

Bryne vidaregåande skule er også med på to andre prosjekt:

«Refugee/Immigration - the end of hospitality?» er eit prosjekt som ein skule i Frankrike er koordinator for. Klaus Beschel og Selmer Aarsheim har ansvar for prosjektet her på skulen.

Skular i Tyskland, Tyrkia og Litauen er med i tillegg til Bryne vgs. og skulen i Frankrike. I fjor var elevar frå studiespesialiserande vg1 på besøk i Tyskland og Frankrike, og hausten 2018 var Bryne vertskap for prosjektet. Då var 30 elever og lærarar frå dei andre landa på besøk.

Me har også eit utvekslingsprosjekt med ein skule i Villefranche sur Saone, i nærleiken av Lyon. Her på skulen er Anstein Skjørestad og Endre Vollsund prosjektleiarar. Hausten 2018 fek skulen besøk av 18 elevar frå Frankrike. Elevar frå Bryne vidaregåande skule skal reise på besøk til Frankrike våren 2019.

Del denne artikkelen på: