FN pluss-skule

FN pluss-skule

Bryne vidaregående skule er ein FN pluss-skule. Det vil seie at me samarbeider med FN-sambandet om å fremje kunnskap og innsikt om FN.

Auka kunnskap om FN

FN-sambandet og Bryne vidaregåande arbeider for auka kunnskap om FN og internasjonale spørsmål ved å: 

  • Informere om FN og FN sitt arbeid
  • Skape interesse for, og debatt om FN og internasjonale spørsmål
  • Auke forståinga for årsaker og samanhengar i internasjonal politikk
  • Bidra til positive haldningar til solidaritet og internasjonalt forpliktande samarbeid

FN har som mål å arbeide for internasjonal fred og sikkerhet og å utvikle vennskapelege relasjonar. FN har også arbeidsområde innan internasjonal rett, utvikling, økonomisk utvikling, og menneskerettar.

Internasjonalt har FN ei rolle som fredsskapende organisasjon.

I dag er det 193 land som er medlemer i FN, og som har underteikna FN-pakta. FN-pakta er ein internasjonal traktat som er reglane og prinsippa for styringa av FN. Den inneheld retningslinjer om rettar og plikter kvart medlemsland har.

Les meir om FN

Del denne artikkelen på: