Spesialpedagogisk rådgjevar

Her kan ein få råd og rettleiing i forhold til faglege utfordringar i dei ordinære klassane. Rådgjevar gir rettleiing i forhold til dei tilpassingane ein kan gjera inn i ordinære klassar: ekstra tid på vurderingar, munnlege vurderingar i staden for skriftlege, fritak frå vurdering i sidemål osv. Andre tilpassingar er lydbøker og eigne retteprogram (LingDys/LingRight)

Viss ein elev har faglege vanskar, blir følgande testar gjennomførde:

 

LOGOS        Testar elevar for dysleksi eller andre spesifikke lesevanskar

Migranorsk   Testar elevar for å finne ut kor mykje norsk ein elev kan

FLORO         Testar tospråklege elevar for å sjå om dei har spesifikke lese- og skrivevanskar

6-16 testen    Testar elever for å sjå om dei språklege ferdigheitene er aldersadekvate

Ordkjedetesten   Testar elevar for å sjå om dei har god ordavkoding, blir sett på i samanheng med LOGOS

 

Elevane blir viste til spesialpedagogisk rådgjevar av faglærar/kontaktlærar/avdelingsleiar

Spesialpedagogisk rådgjevar skal bli involvert i alle elevsaker kor ein har spesialpedagogisk vedtak (enkeltvedtak, sakkunnig vurdering), for å kunne gje råd og rettleiing om vegen vidare. 

Del denne artikkelen på: