Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta (OT) ønskjer kontakt med ungdom under 21 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har søkt, som takker nei til, eller som avbryt opplæringa.

OT kan tilby deg

  • rettleiing i spørsmål om vidaregåande opplæring, utdanning og yrke
  • rettleiing om alternativ opplæringshjelp
  • hjelp til å søke deg inn i vidaregåande skule komande skuleår
  • hjelp til kontakt (og samarbeid) med andre aktuelle instansar viss du har behov for det 

OT samarbeider med dei vidaregående skulane, Fagopplæringa, PPT, kommunar, NAV og andre instansar som også har ansvar for ungdom. Tilbod frå OT skal først og fremst gi formell kompetanse innan vidaregåande opplæring.

OT forsøker å få kontakt med deg, men du er også velkommen til å ta kontakt sjølv.

Meir informasjon om tenesta finn du på  http://www.oppfolgingstenesten-rogaland.no 

OT- ansvarlig for Bryne vidaregåande skule er Helge Torgersen

Han har kontor i gangen ved rådgjevarane, A 2051

Tlf. kontor: 51923160  Tlf. mobil: 41562788

Mailadr. helge.torgersen@skole.rogfk.no

Del denne artikkelen på: