Om elevrådet

Om elevrådet

Elevrådet på skulen blir organisert i avdelingar som er knytte opp mot utdanningsprogram. Avdelingselevråda består av ein elevrådsrepresentant frå kvar klasse.

Avdelingsleiar for kvart utdanningsprogram følger opp elevrådet på si avdeling.

Styret er sett saman av leiarane i avdelingselevråda.

Bryne vgs. er medlem av Elevorganisasjonen som held kurs og støtter elevrådet med EO-fondmiddel til ulike aktivitetar.

Representantar frå elevrådet deltek også på Elevtinget ein gong i året. http://elev.no/Hva-er-EO

Tillitsvalde si rolle i elevrådet

Tillitsvalde i kvar klasse blir valde på begynnelsen av skuleåret. Desse må møte på elevrådsmøte og andre møte som elevrådstyret kaller inn til.

Tillitseleven skal representere klassen. 

Møte i regi av elevrådet

Det blir kalt inn til elevrådsmøte og avdelingselevråd etter behov. Elevrådstyret holder styremøte minst en gang i måneden. Ved behov kan det kallast inn til ekstraordinære elevrådsmøte eller styremøte.

Elevrådskurs og temadagar

Det blir arrangert kurs for tillitselevar i oppstarten av kvart skuleår,  i regi av elevrådstyret i samarbeid med EO. Her lærer tillitselevane å drive elevrådsarbeid.

I løpet av skuleåret har elevrådet to temadagar som tar opp saker som elevene er opptatt av. Målet med desse dagane er ein betre skulekvardag for alle

Kontakt

Lurer du på noko? Kontakt elevrådsleiar Kristiane Seglem, eller sende mail til elevraadbryne@outlook.com

Kontaktpersonar fra ansatte/ledelse:

Hege Børresen Rame

Annie Prestegård 

Del denne artikkelen på:
Bryne-elevar på Elevtinget

Denne veka er Asta Herredsvela (2hshc) og Kristiane Seglem (1mfa) skulen og elevrådet sine representantar på Elevtinget i Oslo.

Ny elevrådsleiar

Kristiane Seglem har overtatt etter Øyvind S. Åfløy som elevrådsleiar på Bryne vgs.