Utstyrsstipend fra Lånekassen

Utstyrsstipend fra Lånekassen

Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er støtte frå Lånekassen til utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr. Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Når vi behandlar søknaden din, vurderer vi samtidig om du kan ha rett til andre stipend.

- Utstyrsstipendet er på mellom 991 kroner og 3 666 kroner for heile skoleåret, avhengig av kva utdanningsprogram du tek.

- Søk når du har fått skoleplass og har takka ja.

- Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring

- Sjekk statusen på søknaden din på Dine sider på lanekassen.no

- Du får e-post når søknaden er behandla.

- Skriv under på avtalen om støtte og send den tilbake til oss i posten. Dersom du er over 18 år, kan du signere elektronisk med Bank ID eller Buypass direkte på Dine sider.

- Pengane blir utbetalte først når lærestaden har stadfesta at du har møtt opp til undervisninga. Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får registreringa frå skolen, til pengane er på kontoen. Hugs at du må stå som eigar av bankkontoen.

Sjå lanekassen.no eller Facebook/vgs for meir informasjon.

Del denne artikkelen på: