Tips til val av oppgåve

Tips til val av oppgåve

Me hjelper deg gjerne med å finne bøker, tema eller aktuell sekundærlitteratur til oppgåva di. Me hjelper deg også med å setje opp litteraturlista.

På desse sidene finn du tips til kva type oppgåve, bøker og tema du kan velje:

Ubok - Norsklærerens særemnetips.

Temabank Senja vgs.

Tema- og boktips frå Deichmanske bibliotek i Oslo.

Hva skal jeg skrive om? frå Stavanger bibliotek.

Husk at det likevel er læraren som må godkjenne temaet du har valgt, og problemstillinga di.

I tillegg til bøkene du skal fordjupe deg i, treng du også sekundærlitteratur, dvs. bøker eller artiklar om emnet eller forfattaren.

Dette kan du m.a. søke etter på desse sidene:

Skulebiblioteket sin katalog.

Jærbiblioteka (Time, Klepp og Sola) sin katalog.

Katalogen til universitetsbibliotek over heile landet.

Demonstrasjonsvideo - Me viser korleis du kan søke etter litteratur i skulebiblioteket sin katalog og i basane Oria og Duo.

For hjelp til å analysere bøkene eller filmane du har valgt, kan nokon av desse nettstadene vere nyttige:

NDLA - Analyse av episke tekster. Om komposisjon, forteljar og synsvinkel, personkarakteristikk, miljøskildring mm.

NDLA - Adaptasjon. Frå bok til film. Ein innføring i adaptasjon.

Språklege emne:

Navnegransking - Senja vgs.

Tips til ulike språklege emne- Senja vgs. td. språkhistorie, SMS-språk, dialektar, sosiolektar

Kjelder:

Sekundærlitteraturen du har brukt, dvs. kjeldene dine, må du vise til i teksten, viss du leverer ei skriftleg oppgåve, eller nemne i presentasjonen, viss du har munnleg presentasjon.

I tillegg må du ha med ei kjeldeliste/litteraturliste, som kjem til slutt i oppgåva di.

I denne demonstrasjonsvideoen viser me korleis du kan bruke kjeldeverktøyet i Word. Dette er eit nyttig verktøy når du arbeider med kjeldene dine.

Del denne artikkelen på: