Kjeldekritikk

Når du har funne informasjon som du vil bruke, er det viktig å stille seg nokre spørsmål:

Kven har skrive informasjonen?

Kva slags innhald har informasjonen?

Er informasjonen oppdatert?

Kor er informasjonen publisert?

For kven er informasjonen publisert?

Kvifor vart informasjonen publisert?

TONE kan vera ein grei huskeregel:

Truverdig

Kva veit du om forfattaren? Utdanning og stilling?

Finn du kontaktinformasjon?

Objektiv

Er meininga med informasjonen å informere?

Vil forfattaren overbevise, selje noko eller overtale?

Nøyaktig

Kor tid blei kjelda oppdatert?

Viser forfattaren til kjelder?

Finn du same opplysningar i andre kjelder?

Eigna

Er informasjonen relevant for oppgåva di?

Forstår du informasjonen du vil bruke?

Del denne artikkelen på: