Kjeldebruk

Det er viktig at du bruker kjeldene dine rett når du jobber med skulearbeid. 

Dersom du bruker andre sitt arbeid, må du alltid oppgje kor du har henta informasjonen frå.

Viss du ikkje gjer dette, er det plagiering.

Du skal oppgje kjelder når du siterer frå andre kjelder anten det er direkte sitat (klypp og lim) eller det er indirekte sitat (omskriving).

Du treng ikkje oppgje kjelder viss du skriv noko som blir rekna som allmennkunnskap.

Direkte sitat er eit ordrett sitat, altså at du kopierer deler av ein tekst utan å forandre på noko. 

Sitat på opptil tre linjer vert markert ved "hermeteikn" i teksten.

Sitat på meir enn tre linjer blir markert med eige avsnitt med innrykk.

Indirekte sitat er når ein skriv om andre sin tekst, bruker eigne ord til å forklare det andre har skrive. 

Her på sida finn du brosjyren Bruk av kjelder som kan hjelpe deg.

Du finn informasjon om korleis du bruker sitat, korleis du skal vise til kjelder og korleis ei kjeldeliste skal sjå ut.

Ta gjerne kontakt med oss på biblioteket dersom du lurer på noko i samband med kjeldebruk.

Del denne artikkelen på: