Vindmølleprosjekt på TIP

Vindmølleprosjekt på TIP

I fleire veker har elevane på TIP arbeidd med eit vindmølleprosjekt. Onsdag 18. mai vart dei sjølvlaga vindmøllene testa ut, og beste vindmølle kåra.

IMG_9971

Elevane har brukt timane på verkstaden til å arbeide med vindmøllene sine.

Under prisutdelinga 18. mai var det fleire prisar som skulle delast ut.

IMG_9986

For å måle kva for ei vindmølle som produserte mest spenning, vart vindmøllene festa til eit stativ, og ein løvblåsar sørga for "vind". Det var Mathias Røyneberg, Espen Sele, Maylen Lode og Patrick Undheim som hadde laga vindmølla som vann denne prisen. Den produserte 12,42 volt.

I tillegg vart det delt ut ein publikumspris, som alle elevane og lærarane i salen kunne vere med og stemme på.

IMG_9984

Lærarane kåra også sin favoritt, utifrå mekaniske kriterie. Fiaskoprisen gjekk til den vindmølla som ikkje ville svive i det heile.

Del denne artikkelen på: