Velkommen til eit nytt skuleår på Bryne vgs!

Velkommen til eit nytt skuleår på Bryne vgs!

20. august starter vi eit nytt skuleår på Bryne vgs. 330 tilsette er då klare til å ta imot 1600 elevar.

Den største skulen i fylket - i nye bygg

Bryne vgs. er den største vidaregåande skulen i Rogaland, og ein av dei største i Norge med omlag 330 tilsette og 1600 elevar.

I 2015 flytta vi inn i to nye bygg (bygg A og B) like sør for Høghuset/Forum Jæren. I 2017 tok vi i bruk enda eit nytt bygg (bygg C). Oversikt over skulen sine bygg.

Første skuledag

20. august er det oppstart for alle elevar. Her finn du oversikt over kor tid og kor du skal møte. Helsing frå rektor: velkomen! 

Korleis kjem du deg til skulen?

Skulen ligg sentralt plassert på Bryne, og hit kan du kome på beina eller sykkel, med buss, tog, moped eller bil. Her finn du meir info.

Skuleruta

Mellom 20. august 2018 og 21. juni 2019 skal vi ha 190 skuledager. Skuleruta finn du her.

Utlån av lærebøker

Alle elevar på vidaregåande skule har rett til å låne lærebøker. På Bryne vgs. er det biblioteket som har ansvar for lærebokutlånet. Her finn du viktig info om ordninga.

For å få låne skulebøker, må du ta med deg og levere Avtale om utlån av gratis lærebøkerViss du er under 18 år må denne avtalen vere underskriven av dine føresette. 

Berbar PC

Fylkestinget har vedteke at alle elevar som går på offentlege vidaregåande skuler i Rogaland fylkeskommune(RFK) skal bruke berbar datamaskin i læringsarbeidet sitt. Elevar som skal begynne i Vg1 kan få kjøpt subsidiert berbar PC gjennom fylket si innkjøpsordning. PC eller Mac? Her finn du skulen si anbefaling

Lånekassen

Elevar som har skuleplass kan søke om støtte no fra Lånekassen. Elevar som ikkje kjem inn på førsteinntaket må vente med å søke til 1. august, og helst til dei er sikre på kva for ein skule dei skal gå på. Då slepp dei å søke på nytt dersom dei ombestemmer seg. Viss ein elev sender inn fleire søknader, kan saksbehandlingstida bli lengre.   

Kantine

Bryne vgs. har ei stor kantine i 1. etasje i bygg A, og eit litt mindre kantineutsal i 2. etasje i bygg B og C. Kvar skuledag blir det servert gratis havregraut i kantina i bygg A mellom kl. 07:30 - 08:00. I kantina kan du betale med bankkort eller Vipps.

Kontaktlærar tar kontakt

I løpet av den første skuleveka vil kontaktlæraren ringe til dine føresette, og mellom anna invitere til foreldremøte (gjeld viss du er under 18 år).

Skulen 3
Del denne artikkelen på: